Logo Forfatterforbundet
forfatter Øystein Hauge
Forfatter Øystein Hauge, fotografert av Øystein Eik

Møt Øystein Hauge

Tastaturprat :
Idéen bak spalten er å bli litt bedre kjent med norske forfattere på en uformell måte. Det stilles et fast sett med spørsmål som forfatterne svarer på.

Øystein Hauge er poet, forfatter og litteraturkritiker. Han har bak seg åtte lyrikksamlinger - i tillegg til å være representert i en rekke diktantologier i inn- og utland. Siste utgivelsene hans er Oktobersong (Prosadikt, 2021) og Hundre vegar heim (diktsingel, 2021). Han har også arbeidet innenfor flere ikke-skjønnlitterære sjangere og har gjennom en årrekke eksperimentert med lydpoesi og har bl.a. hatt studie- og arbeidsopphold ved Museet for Samtidskunst i Danmark. Dagbladets lesere kåra i 2005 Fotografi av to som dansar til «Årets diktsamling».

Når begynte du å skrive og når ble skrivingen et forfatterskap?

Eg hadde gjennom ein del år skrive avispetitar, songtekstar og slike ting, då eg på åttitalet vågde meg inn i boksidene med skjønnlitterære tekstar. Men forfattarskap. Det var vel først etter fire-fem bøker eg tenkte det ga noko meining å snakke om eit forfattarskap. Slik det tok si tid å kalle seg forfattar eller poet.

Fortell kort om hvordan du skriver og arbeider frem dine bøker

Eg forsøker å vere ein morgonfugl. Å ha unnagjort tur med hund og frokost slik at eg kan sette meg ned ved skrivepulten min i god tid før halv sju. Når eg då sit der med kaffien og hunden attmed meg tenker eg: «Dette er den beste tida på døgnet. No arbeider eg best». Tida om morgonen er heilag for meg.

Når det kjem til arbeidsmetode har eg alltid to eller tre manus under arbeid. Dikt som kan komme til meg veldig plutselig. Som ei tekstlinje eg kan bygge vidare på. Eller det kan vere eg arbeider med ein sjanger eller retning innanfor poesien som krev fordjuping og hardt arbeid over mange år. Slik eg i all beskjedenhet vil seie det har vore med meg og austleg poesi. Haikupoesien min serleg. Her blir eg kjend med stadig nye retningar og tradisjonar.

Hvor skriver du?

I sommerhalvåret jobber eg stort sett ute i ei lita skrivestove eg har ute i hagen. Men no har vegstubben ut dit stått umåka frå lenge før jul. Så då blir det ved skrivepulten min her inne. Det hender vel også eg har med ei notatbok og setter meg på ein kafé inne i Molde. Drikker kaffi. Noterer litt. Ja, og så har eg hatt ei handfull skrivereiser i utlandet opp gjennom åra. Eg skriv godt på reise. Å oppnå skrivero er i det heile tatt ikkje så veldig stadavhengig.

Eg skriv elles mykje for hand. Skriv inn i ei av dei mange notisbøkene mine. Pluss at eg har to gamle skrivemaskiner som eg nettopp har fått nye fargeband til. Flybåren frå New York, forresten. Var ikkje råd å få tak i fargeband til dei gamle maskinene her heime. Eg liker å skrive for hand. Og eg lliker den mekaniske lyden frå skrivemaksina. Eg kan tillate meg denne arbeidsforma når eg skriv så korte tekstar som det eg gjer. Først handskrift. Så over på min gamle, svarte Royalen skrivemaskina.

Hvordan var prosessen med å utgi bok for deg?

Før eg kom til Tiden norsk Forlag for godt over tjue år sidan hadde eg hatt ute bøker på mindre forlag - og også publisert ei ikkje-skjønnlitterær bok på Samlaget/Bokklubbene ti år tidlegare. Og eg kan ikkje hugse eg hadde andre forventningar til det å stå med mi eiga bok i handa enn at eg sjølsagt var spent på litteraturkritikken. Kva den profesjonelle lesaren ville seie. Det var jo på den tida du kunne ende opp med både fem og ti bokmeldinger var du ute med bok.

Når det kjem til lesejobbar og merksemd om poesien har eg alltid hatt veldig god hjelp av Bjørnsonfestivalen her i Romsdal. Som eg også har jobba tett på gjennom mange år. Men også forlaget og andre som dro meg med i alle slags radiointervju og scenesamtalar, har vore viktig. Ja. Grein meg vel sikkert til noen av det sjøl, også.

Hva arbeider du ved siden av ditt virke som forfatter?

Har gjennom heile skrivelivet mitt og fram til for tre år sidan hatt fulltidsjobbar innanfor justissektoren (Justisdepartementet og Kriminalomsorgen). No skriv eg på heiltid, les og melder ei handfull bøker i løpet av året – og er litt konsulent på andres arbeid innimellom. Og så trener eg kvar dag på ein vakker dag å bli ein heilt vanleg pensjonist som alle andre.

Hva leser du selv? Er det en bok eller flere som har hatt betydning for ditt eget virke som forfatter?

Eg les vel sant å seie meir noveller enn eg les poesi. Eg veit ikkje. Men har alltid likt novella. Kjell Askildsen. Alice Munro. Laila Stien. Johan Borgen. Gogol. Turgenjev. Og om eg skal nemne éi bok som har betydd mykje for meg: Julio Cortázars novellesamling Seremonier.

Elles les eg litt kunsthistorie innimellom. Og bøker om lydpoesi/-kunst. Har også samarbeidd med nordiske lydpoetar om ulike prosjekt og forsøker å halde meg oppdatert på dette heller stemoderlige behandla kunstfeltet.

Hva skriver du på nå?

Eg arbeider med ei bok som allereie har fått tittel. Verdens beste tittel, når eg tenker meg om. Men som eg ikkje røper her. Du får vente til seinhaustes. Men eg har for moro skuld laga meg ein arbeidstittel. Og den er: Hundre påbegynte romanar og andre uavslutta dikt.

Har du noen gode råd til aspirantmedlemmene våre som ennå ikke har debutert?

Det må først og frems vere å skrive litt kvar einaste dag. Og at du heile tida minner deg sjølv på at du er ein historieforteljar. Om det er gjennom dikt, noveller eller ein roman. Om det er poesi eller prosa du skriv. Så handler det jo om på eitt eller anna vis å fortelle ei historie. Og kanskje også det å lære seg noen enkle knep knytt til det å husholdere godt med orda og verkemidlene. Skrive ned til beinet. Leite seg fram til sjangeren din. Finne skrivepulsen.

Så er det dette nålauget, då. Nålauget du skal gjennom før du står der med bokkontrakta i handa. Dette auget vi alle veit er veldig trongt. Så då blir det viktig å vere realist. Tole å bli refusert noen gonger. Dei aller fleste som skriv og gir ut bøker er jo alle på eitt eller anna tidspunkt i karrieren blitt refusert.

Hva synes du Forfatterforbundet skal arbeide mer med i fremtiden?

Som medlem av Den norske Forfatterforening gjennom mange år er eg naturlegvis svært opptatt av korleis dei ulike foreningene i fellesskap, kanskje serleg Forfattarforbudet/Den norske Forfattarforening i tospann, best kan løyse dei store oppgåvene vi står overfor i denne bokheimen vår i dag, og i tida som kjem. Her ser eg klare teikn til vilje og ønske om å dra lasset saman. Samarbeide godt. Stille dei viktige spørsmåla. Og kanskje dette tospannet kan løysast opp og bli til eitt, etterkvart.

Jobben Forfatteforbundet har gjort inn mot Landsorgansasjonen, samarbeidet som forbundet har fått i stand her, er jo bare å ta av seg hatten for. Her vil jo sikkert arbeidet med ei pensjonsordning for forfattarane ligge langt framme i pannebrasken hos dei som forhandlar. Ja, temaet kunstnarøkonomien i det heile tatt er jo viktig å røska skikkelig opp i, med tanke på dei som er unge og i framtida skal ha dette som levebrødet sitt.

Og ein anna ting det nye forbundet kan snappe opp hos forfattarorganisasjonar som har vore ute ei vinternatt før; Lag kurs i stemmebruk! Norsk Forfattersentrum har hatt fleire slike. Og eg har sjølv vore med i slike kurs, trent på stemmen under proffe folk som m.a. skodespelaren Svein Tindberg. Eg trur mange forfattarar i framtida vil ønske å lese inn verka sine sjølve. Då må vi som skodespelaren og operasongaren trene på å bruke stemmen vår.

Du finner flere artikler under: