Logo Forfatterforbundet
Forfatter Hildegunn Bjelland
forfatter Hildegunn Bjelland

Møt Hildegunn Bjelland

Tastaturprat :
Idéen bak spalten er å bli litt bedre kjent med norske forfattere på en uformell måte. Det stilles et fast sett med spørsmål som forfatterne svarer på.

Hildegunn Bjelland er 41 år og bur på Stord med sambuar og to born. Har utgjeve barneboka Krabben Klara og konkylien, som er ei bok med tema omkring plastforureining i havet. Har og bidrag i antologiane: Vilje, Våte Kyss, Snu på krona, Det var en gang - en antologi for barn og Drøm.

Når begynte du å skrive og når ble skrivingen et forfatterskap?

Eg har hatt interesse for litteratur sidan eg var barn, men det var først i vaksen alder at eg byrja å skriva. Det første skriveprosjektet var ein vaksenroman som framleis ikkje er utgjeven. Arbeidet med romanen førde til at eg deltok på fleire skrivekurs der eg blei del av eit skrivefellesskap, noko som gjorde at skriveinteressa mi vaks seg sterkare. Eg har sidan den gong delteke med dikt, noveller og småtekstar i antologiar. I 2019 kom mi første bok ut på Tegn forlag, barneboka: Krabben Klara og konkylien. Draumen er sjølvsagt at det skal bli fleire bøker som etter kvart kan føra til eit forfatterskap.

Fortell kort om hvordan du skriver og arbeider frem dine bøker

Det dukkar som oftast opp ein karakter først, så kjem tema og handling etter kvart. Av natur er eg mest glad i skriva utan å ha ein detaljert plan. Problemet med det er at det tek lengre tid å koma i mål. I seinare tid har eg derimot teke i bruk metoden Save the Cat- beatsheet, som er utvikla av den amerikanske manusforfattaren Blake Snyder. Metoden fungerer som ein nyttig vegvisar med 15 plottpunkt, som gjer oppbygginga av historia lettare å handtera.

Hvor skriver du?

Eg kan skrive kor som helst, men likar best å skrive i kjellarstova heime.

Hvordan var prosessen med å utgi bok for deg ?

Eg er i startgropa når det gjeld å gi ut bøker, og hadde difor ikkje store forventningar, men det gjekk veldig fint. Det er ikkje enkelt å nå ut når ein er fersk, men eg synest bokbloggarane gjer ein god jobb, fordi dei les bøker av ukjende forfattarar som er utgjevne på små forlag. Dessutan har det kome mange gode tilbakemeldingar til meg som gir motivasjon til å halda fram med skrivinga.

Hva arbeider du ved siden av ditt virke som forfatter?

Eg har akkurat fullført eit konsulentoppdrag for Aker Solutions, og er på jakt etter ny jobb. Samtidig utdannar eg meg til Frontend-utviklar, som er ei utdanning innanfor webutvikling. Eg har og «Bachelor i kommunikasjonsledelse» frå Handelshøyskolen BI og ei etterutdanning i administrasjon frå Heriot-Watt University i Edinburgh.

Hva leser du selv?

Eg les veldig variert litteratur, både vaksen-, ungdoms-, og barnelitteratur. Særskilt likar eg godt å lesa bøker på nynorsk.

Er det en bok eller flere som har hatt betydning for ditt eget virke som forfatter?

Ikkje ei spesiell bok, men det at eg vart lesen for då eg var barn, trur eg har verka inn på skriveinteressa. Det kan nemnast at eg likte spesielt godt bøkene til Maria Gripe då eg var liten.

Hva skriver du på nå?

Det går i rykk og napp, men eg har eit par manus som er tilnærma ferdige, og som no ligg og modnar seg før innsending til forlag.

Har du noen gode råd til aspirantmedlemmene våre som ennå ikke har debutert?

Dei same råda som eg sjølv har fått, ved deltaking på fleire skrivekurs i regi av Forfatterskulen, og i tillegg ved samarbeid med ein dyktig skrivecoach: Lesa bøker og sjå filmar for å læra dramaturgi, skriva mykje, og bruka alle sansane når ein skriv. Det er og viktig å ikkje vera snill med hovudkarakteren. Sørg for å gi hovudpersonen nok motstand, og at det er konflikt i manus. Bonus ved å delta på skrivekurs, er at ein kan bli del av eit skrivefelleskap, noko som kan opplevast både motiverande og oppbyggande. Det å ha likesinna å samarbeida med, er avgjerande for å oppretthalda motivasjonen når refusjonane frå forlaga kjem.

Hva synes du Forfatterforbundet skal arbeide mer med i fremtiden?

Jobba for at det vert utgjevne fleire bøker på nynorsk.

Du finner flere artikler under: