Logo Forfatterforbundet
Forfatter Kisa Aglen
forfatter Kaisa Aglen, fotografert av Heidi Aglen

Møt Kaisa Aglen

Tastaturprat :
Idéen bak spalten er å bli litt bedre kjent med norske forfattere på en uformell måte. Det stilles et fast sett med spørsmål som forfatterne svarer på.

Kaisa Aglen er frå Volda, født 1985, men har rekna Trondheim som heim i mange år. Ho har gitt ut to diktbøker på Samlaget (Kvar i kroppen sit ingenting og Mellom krig), og arbeidar no med diktbok nummer tre. Mogleg med nokre prosainnslag.

Når begynte du å skrive og når ble skrivingen et forfatterskap?

Eg trur det må kome nokre bøker til før det kan kallast forfattarskap. Eg byrja skrive dikt og fiksjonsfabuleringar allereie på borneskulen, men det var først ein stad opp i tenåra at eg byrja arbeide meir målretta med redigering av tekstene, nokre skrivekurs og publisering på nettforum der ein kunne få tilbakemeldingar.

Fortell kort om hvordan du skriver og arbeider frem dine bøker:

Arbeidsmetoda mi har solangt skifta frå bok til bok. Førsteboka jakta eg etter ei slags kjensle eller stemning, eg hadde ei retning eg ville i, men måtte nærast famle meg fram på instinkt. Førre bok byrja med eit klarare formulert konsept, men med ei lang fase med research. Denne gongen starta eg med automatskrift, som eg plukka ut visse element frå og valde tematikk utifrå det. Felles for bøkene er at eg har arbeida fram dikt-eg som er fiktive. Felles er vel ogso ei gigantisk mengde skisser og utkast og veldig mange runder med redigering. Innimellom opplever eg at det lausnar og at tekst meir «kjem av seg sjølv». Men som regel ikkje.

Hvor skriver du?

Eg har enda opp med å sitte mykje i stova og skrive siste året. Eg likar å sitte med ryggen til veggen, og ha bra med utsikt. Ofte skriv eg best om eg reiser vekk på meir definerte skriveopphald slik at det kan verte samanhengande fokus på tekst. No har eg nett hatt ei slik periode på familiegarden i Volda.

Hvordan var prosessen med å utgi bok for deg?

Eg opplevde det som trygt og veldig lærerikt å få oppfølging frå redaktør. Der var noko mindre fridom enn eg trudde, litt strengare rammer for kva som vert oppfatta som rett måte å gjere ting på. I publiseringsenden vart eg overraska over å i det heile få meldingar, oppdrag og respons frå lesarar. Det har vore kjekt å få utgi bøker, og kjekt å oppleve at tekstene lever sitt eige liv og dukkar opp på uventa stadar.

Hva leser du selv? Er det en bok eller flere som har hatt betydning for ditt eget virke som forfatter?

Eg leser mest lyrikk, sci-fi og ymse faglitteratur. Siste er Andy Weirs Project Hail Mary som lydbok og Helge Torvunds Alt brenner i papirbok. Ulike bøker har vore viktige til ulike tider. Eg hugsar Gunvor Hofmo gjorde veldig sterkt inntrykk på ungdomsskulen, denne kjensla av at diktet kunne vere som ei hand å halde i, på tvers av tid og stad. Seinare kom Tarjei Vesaas, Tor Ulven, Ann Jäderlund, Gloria Gervitz. Og dei siste åra har eg hatt stor gleda av å både bli kjent med og lese trondheimsbaserte forfattarar som Kristin Ribe og Arild Vange. Her er generelt mange bra folk som har skreve og gjendikta sterke bøker dei siste åra, og som ogso gjer mykje bra for programmering og publisering. Det er eit godt miljø å skrive i.

Hva skriver du på nå?

Eg arbeidar med ei diktbok no, og so er der alltid ein del lause skisser for andre prosjekt som kanskje eller kanskje ikkje vert noko av. Vi får sjå.

Har du noen gode råd til aspirantmedlemmene våre som ennå ikke har debutert?

Eg har nok mest dei vanlege råda: Skriv ofte, ikkje gi opp om du får hard kritikk, les mykje, finn gode lesarar som kan gi respons, ver open for kraftig redigering, oppsøk litteraturarrangement og skrivekurs. Mogleg kan det vere til hjelp å vite at god tekst og gode idèar har ein tendens til å dukke opp att sjølv om ein må forkaste dei her og no. Kanskje kan det ogso vere til hjelp å vite kvifor ein skriv.

Hva synes du Forfatterforbundet skal arbeide mer med i fremtiden?

Eg er litt usikker på kva som fell innanfor og utanfor Forfatterforbundet sitt mandat, men eg kan nemne noko eg ønsker fokus på, kanskje frå fleire kantar:
Eg er glad for tilgangen på litteratur som ein får eller har fått gjennom til dømes Nextory, Mofibo og Storytel. Men eg fryktar den komersielle einsrettinga som har kome. Lyrikk vert stadig vanskelegare å finne, sjølve kategorien ofte ikkje tilstades lengre. Og dette trass i at bøkene finst, til dømes mykje god og godt formatert ny svensk lyrikk som e-bok, og lydbøker lest av danske forfattarar som Olga Ravn og Inger Cristensen. For norsk lyrikk vert problemet forsterka av at fleire av forlaga, som til dømes Samlaget, meiner det er for dyrt og ugunstig å satse på lyrikklydbøker, og formatering av e-bøker er generelt nedprioritert. Forfattarar signerer frå seg rettar til format som vert dårleg eller aldri realisert. Det er synd både for samtida og framtida. Interessa for lyrikk i (ogso) andre format enn papirboka finst der om ein berre ikkje gøymer vekk eller nedprioriterar det. Den nordiske lyrikken har ogso hatt fleire bestselgarar dei siste åra. Men eg ønsker at andre omsyn enn inntening skal kunne gjelde. Den slags litteraturmangfald må kanskje forhandlast fram på fleire frontar samstundes?

Du finner flere artikler under: